Vil du spele med oss?
Bli med då vel!
Vi har det kjekt både på øvingar, konsertar og turar, og endå kjekkare og bedre blir det om fleire blir med!
Du kan kome som du er! Her treng du ikkje ha prestasjonsangst, du møter berre likesinna. Det viktigaste er å ha det kjekt med musikk og saman med kvarandre. Vi har instrument du kan låne om du ikkje har sjølv.
Har du spelt i korps ein gong, men har prestasjonsangst for å byrje på att fordi både notekunnskapen og grepshukommelsen har falma? Er du redd for at det ikkje vert lyd i instrumentet att om du skulle finne på å ta opp att denne kjekke, sosiale og gjevande hobbyen? Huskar du ikkje kva veg instrumentet skulle haldast, eller kvar du skulle blåse? Har du aldri spelt noko korpsinstrument, men har lyst til å lære? Då har Valldal hornmusikklag løysinga! Vi tilbyr aspirantopplæring og øvingar for vaksne nybyrjarar på Martin Linge-huset. Tilbodet er gratis.
Kjenner du at du har lyst til å spele saman med oss? Møt opp på øving på Martin Linge-huset i Valldal. Vi øver kvar onsdag kl 1900-2130. Du kan også ta kontakt med Terese Jemtegård Moen på teresejemtegardmoen@gmail.com eller sende ei melding på facebooksida Valldal Hornmusikklag så tek vi kontakt med deg. Valldal hornmusikklag ønskjer både gamle og nye medlemmar velkomne!



